Tur til Astruptunet

Laurdag 23. september møttes elevar frå Svelgen og Hauge til omvisning i Astruptunet ved Jølstravatnet. Omvisninga vart gjort av ei veldig kjekk jente som heitte Stine.

Det var ein ein strålande solskinsdag der vi fekk sjå i mange av husa på Astrup-tunet og korleis dei levde der. Vi fekk presentert historia til Nicolai og kona hans Engel og borna deira , 8 stykker. Nikolai var presteson og vart fødd i Kalvåg i Bremanger, men vaks opp i Jølster.interiør
Vi fekk sjå atelieret han arbeidde i den siste tida og fleire av kunstverka han laga. Mange fine bilete og trykk! Trykkplater han hadde skore ut til grafiske trykk viste eit nitidig arbeid! Det var òg spennande å sjå Engel sitt arbeid, bl.a. tekstiltrykk.
Det var med 14 elevar til saman og 7 vaksne (To lærarar og 5 foreldre som var med og køyrde elevane)
Aud Marit hadde baka kanelbollar og vi åt pizzasnurrer og kosa oss i den vesle kafeen på tunet.
Nydelig ver, men sola nådde ikkje ned til Astruptunet så seint på hausten så vi småfraus litt…
Den siste tida vi var i Astruptunet blei nytta til skisseteikning og akvarellmåling, inne og ute. Fasinerande landskap i og rundt tunet. Veldig kjekt at så mange av elevane kunne vere med! Og tusen takk til foreldra som stilte opp og køyrde!

 

Astruptunet er ein nydelig plass som er vel verdt eit besøk!

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s