Elevkonsert i Heimen

Måndag 28.januar kl. 17.30 vil nokre av våre elevar delta på ein liten elevkonsert i Kulturhuset Heimen på Hauge. ( Kinoen) Det vert ein variert konsert med elevar på treblås, piano, gitar , song og band. Vi håpar både føresette og andre elevar kjem for å høyre på . Det er gratis inngang for barn / ungdom men vaksne betaler 50 kr i inngangsbillett i døra.

Desse og fleire vert å høyre på konsert måndag 28.januar

Ikkje alle elevar skal vere med denne gongen – i løpet av året skal alle våre elevar få delta i framføringar , små eller store. Til sommaren kjem den store konserten vår – men denne måndagen vert konserten litt mindre med færre elevar på scena. Velkommen skal de vere!

Ny elev på piano hausten 2018

Kvardagen i kulturskulen

Featured

Diverse bildeglimt hausten 2018

Det er mykje som skjer i kulturskulen – vanlegvis ser de berre «framsida» på konsertar og utstillingar men den verkelege kulturskulen er alle dei vanlege dagane der elevane kjem på speletime, dansetime , kunstaktivitetar etter skuletid. Til saman gjev vi mange born og ungdomar eit kulturbasert fritidstilbod med til saman svært mange timar pr veke. Vi møter born og unge frå 5 til 16 år , kanskje t.o.m. eldre enn det. Og vi underviser på mange ulike stadar i kommunen , så sant det går an.

Denne hausten har vi òg eit kommunalt prosjekt for barn og unge  8 – 26 år – frå mange land men busette i Bremanger kommune inkl nokre norskfødde barn/unge. Med alle dei reiser vi til eit endå større samarbeid – nemleg til Operahuset Nordfjord . Og prosjektet heiter Fargespel og har hadde sitt opphav i Bergen for nokre år tilbake.  Dette er nytt for oss og veldig spennande-  vi gledar oss til fortsettelsen. Forestillinga vert i Operahuset i april.  

Drama og sang med Angy og Helena

Hausten 2018 har vi fått ekstra hjelp i kulturskulen nemleg av Angy Avendano og Helena Bjarkadottir !

Angy Avendano Angyer 20 år , fødd i Chile men har vokse opp i Lærdal i Sogn. Ho starta på drama i kulturskulen og gjekk så vidare med 3 år på  Drama linja på Firda VGS på Sandane. No er ho komme til Bremanger for å bu dette året og vi er så heldige å ha ho her med oss.

Ho skal Les meir

Nytt kulturskuleår 2018 / 2019

Geir – ny danselærar seier: ”Jeg har lyst å ha et fokus på danseglede, kreativt rom og dans, men også et teknikkfokus hvor de får lært de forskjellige dansesjangerene med fokus på at dette skal være en hyggelig plass for å bli kjent med andre elever og få et godt læringsmiljø og en trygg plass for å være seg selv.”

Oppstart augustAnjas fjell (2) oljepastell inspirert av Kleiva

Vi startar opp med undervisning i veke 35.

Er du usikker på noko eller Les meir