Einar Nesbakk

Hei Eg heiter Einar Nesbakk

Født på 60 talet og voks opp i Dalsbotnen som vart mi verd til eg byrja på skulen på Igland.

Bilde12Mitt første møte med levande musikk, var naboen som song og spelte trekkspel søndagsmorgonane om sommaren. Tragiske skillingsviser med mange vers og hulkande song. Men stundom kom den store verda til Dalsbotnen, det var då han tok ein Jim Reeves song “I love you because.” Den dag i dag ein slæger. Kan òg minnast Far sine rim på Evert Taube, som den dag i dag er viseskattar,t.d. “So skimrande var aldrig havet.” Og mor sine munnspel solo kvar sommar når min Onkel kom på besøk. Lista var allereie då lagt, musikk bør vere levande. Min eldste bror kom heim med gitar ein dag, mens eg maltrakterte “Tusselåt” med Egil Storbekken på blokkfløyte. Det var med store auge eg vart vitne til at det kom levande gitartonar i stova heime.Han spelte og song Evert Taube sine songar og for første gong høyrde eg Far song med av full hals. Hunden Bonzo blei aldri den same etter dette. Han vart mykje observert på bygda. Tispene fekk skulda , men sanninga er nok at bror min litt seinare drog med ei flatfele i hus. Alle vi andre forstod då at huset var for dårleg lydisolert. Men no fekk eg låne gitaren og lærte meg mine første grep. Svenske viser av Evert Taube. Gammaldans blei ein viktig lærdom ilag med trekkspel med naboen, ein annan dalar på knappespel,og endå ein dalar på hardingfele og bror på flatfele. Må få nemne at han med hardingfela hadde ein særdeles flott lyd. Ein annan viktig innspirasjon blei ein musikklærar som spelte gitar, slik eg trudde mest ikkje gjekk an for ein kar frå Måløy. Dessutan hadde han ein Fender telecaster som vi elles  berre kunne sjå på fjernsyn. Etter at vi blei ferdig med det siste året, niande klasse den gong, gjekk ein gjeng eit år ekstra. Det blei mest som eit friår der vi fekk eit ansvar for kinodrifta. Det året kom ein musikkfilm som heitte The Last Waltz med gruppa The Band. Plata og musikken hadde eg fått høyre med min bror so eg kunne alle songane når filmen kom. Dette var ein stor opplevelse og førte til at eg fekk lyst til å spele i band. Vi so gjorde ilag med fleire. Det var òg eit anna band i bygda som gjorde det lettare og få dette til. Når dei fekk det til skulle vi òg klare å kjøpe anlegg og det som måtte til. Vi skaffa alt sjølve og dette var den gong ein heil del dyrare i innkjøp enn i dag. Men med speleinntekter og oppsparte midlar klarte vi det.

Kultkons 27 jan -10 9

Inspirasjonskjelder  Nokre gonger høyre vi ting og blir trollbunde av. Som då eg første gong fekk høyre The Band. Seinare Allman Brothers Band med den dei to gitaristane Dickie Betts og Duane Allman. Sistnemde spesielt med sitt slidegitarspel som eg syns var veldig spennande. Ry Cooder og David Lindley er to som på kvar sin måte viser kor forskjellig slidegitarspel kan vere. Og for ikkje å gløyme Lowell George i gruppa Little Feat. Joni Mitchell er òg ein artist eg liker godt.

IMG_3816

Grupper/Prosjekt eg har vore/er med på ; Brosmebandet, Lucky Lips, Spik Adel, Abba, country og 70 tallsprosjekt med Bremanger Skule/Musikklag , Freeman og nokre til….

Kulturskulen ; Der har eg undervisning på gitar og bass. Køyre lyd på arrangement.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s