Tore Røys Nesbakk

Tore byrja den musikalske reisa si i skulemusikken i bygda i ung alder. Instrumentet var først klarinett, men lyden og feelen» av saxofonen var så forlokkande at vegen fort førte han til den.

Etter lang og trufast teneste i skulemusikken (!) etter nokre få år, fekk han imidlertid opp augene for den tøffe lyden som var i den rytmiske musikken, der gitar og rockeband no blei det nye store. Her blei det speling med mange konstellasjonar, og hitar som «The Man On The Street» og speling med «Deprimerte Brøytestikker» på landsmønstring, var no eit faktum.

På vidaregåande blei røysta i fokus, og her fekk Tore prøvd seg i forskjellege genre som musikal, beinhard heavy og enda til slutt opp på at det var musikken han var oppvaksen med frå heimbygda; blues, roots og rock, som var det store.

Dette førte vidare til stiftinga av Tore Nesbakk Bluesband, som var eit coverband som spelte blues og soul i beste «Commitments-stil». Her var han flanka av både blåsarar og koristar, og bandet blei meir og meir samspelte og svoltne på suksess. Denne svolten førte til bookingar på kjende spelestadar som; Madam Felle i Bergen, Muddy Waters i Oslo, og Notodden Blues Festival.

Etter dette, gjekk ferda vidare til Bergen, og heldigvis var der mange gode musikarar som Tore fekk meir inspirasjon og input av. Dette var blant andre Steinar Karlsen, Aksel Fjæra og Anders Damaas, som alle har spelt med nokre av dei mest kjende og største bluesartistane vi har i Noreg, så dette var stor stas for Tore å få vere ein del av.

Utdanning må ein også ha, og dette blei ordna på Høgskulen i Nord-Trøndelag, der han blei utdanna som Faglærar i musikk, ei utdanning som er retta mot arbeid med musikkopplæring i kultur- og grunnskule. Tore likar seg best i kulturskulen, der han får sjå framgangen til kvar enkelt elev, og kor moglegheitene for best mogleg tilrettelegging for kvar enkelt elev er mykje enklare å få til enn i ein stor klasse.

No er Tore tilbake der han sjølv starta si musikk-karriere, i musikkromma og kontora på Hauge Skule i Bremanger. No er det hans tur til å lære unge spirande elevar til å få oppleve den gleda og mestringa det kan gje å få drive med musikalske aktivitetar.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s