Musikk frå film & scene

Temakonsert for elevar i kulturskulen i Bremanger/ Kalvåg!fullsizeoutput_6611

Måndag 9.april var Kulturhuset Heimen heilt stappfullt av elevar , lærarar og publikum. Mellom 25 – 30 innslag vart framført på scena. Gitaristar , ulike blåsarar  , sangmoves-elevar , pianistar , trommisar, keyboard og vokal. Og det vart framført musikk frå mange ulike filmar og musikalar. Det var laga film til fleire av innslaga , trailere frå filmar som elevane spelte ifrå. Vi kan nemne filmar som Titanic , Flåklypa, Pippi Langstrømpe, Pirates of the caribbean, Mission Impossible , Olsenbanden og mange fleire.

Tor Olav Heldal var med for første gong som ny lærar i kulturskulen. Ein betre presentasjon kjem seinare.

This slideshow requires JavaScript.

 

Utviding av lokaler

Kulturskulen i Bremanger har for mange år sidan vokse seg ut av lokala sine og vi har eit stort behov for lagerplass, grupperom og ikkje minst lovlege og velegna arbeidsplassar til dei 13 ansette. Dette ser no ut til å betre seg litt når vi får overta det «gamle» biblioteket på Hauge skule. Der vil vi få plass til eit grupperom, eit kontor for rektor og møterom for kulturskulelærarane. Det vil nok ikkje løyse alle lokalitetsvanskane våre men vi ser fram mot ei god løysing på dette ganske snart om politikarane våre vil oss meir vel. Hauge skule

Ledige plassar på Hauge

Vi har ledige plassar på Musikkleik for 5 åringar og på

Kulturkarusell for 1. og 2. klasse.

Musikkleik for 5 åringarenfant musique:

Gjennom song, dans og leikar stimulerer vi til musikalsk og kreativ utvikling hos born.

Praktisk info: Vi legg opp til at borna får dette tilbodet i barnehagetida for å gjere det enklare for foreldre/føresette. Dette har vore ei fin ordning med gode erfaringar frå tidlegare år. Barnehagepersonell kjem til å fylgje borna til kulturskulen på Hauge skule.

Kontakt Grete omgåande for påmelding: 95982977 eller send epost grete@bremangerkulturskule.no.

Kulturkarusell 1. og 2. klasse.

Elevane får grunnleggande opplæring i musikk og visuell kunst. Synge og spele instrument , tegne og male m.m.

Vi har allereie ei gruppe på Kulturkarusell med elevar som no går i 2.klasse. No opnar vi opp for ei ekstra gruppe og har difor ledige plassar for 1. og 2. klassingar.

Praktisk: Vi prøvar å tilpasse tidspunkt for kulturkarusell til rett etter skuletid,-gjerne i ein 6.time.

Kontakt Grete omgåande for påmelding: 95982977 eller send epost grete@bremangerkulturskule.no

 

 

 

Elevutstilling i kulturhuset Heimen

Før sommarferien hadde vi kunstutstilling i Kulturhuset Heimen. Det var stort oppmøte av alle elevar med gjestar. Kulturkarusell (1.-2.klasse) og eldre kunstelevar frå 4.kl. – 10.kl. Elisabeth har vore lærar for dei to yngste gruppene medan Reidun har hatt dei eldste.  Elevane serverte alle sprudlebrus med jordbær som seg «hør og bør» på ei kunstutstilling.