Reidun Øvrebotten

Hei, mitt namn er Reidun Øvrebotten

IMG_6957
Eg underviser i visuelle kunstfag ved Kulturskulen i Bremanger. Det betyr:

– kveldskurs med elever der vi driv med ulike kunstfaglige teknikkar. Vi teikner, maler, lager skulpturer og smykker i ulike materialer og teknikkar. No skal vi starte med animasjonsfilm.

– undervisning i grunnskulen,- 7., 8. og 10. klasse i Kunst og handverk. Her er temaene Arkitektur, Kunst, Design og Visuell kommunikasjon

– kveldskurs for vaksne. Vi har hatt Redesign, og er akkurat starta med Søm av klede.

Litt om meg sjølv:

1268514235000_Skjeret_Reidun_net_3135592698x698r

Eg er født og oppvaksen i Bremanger. Flytta ut når eg var ferdig i 9.klasse , for å utdanne meg vidare. I 1981 flytta eg til Oslo, og budde på austlandet  til 2009. Eg har to vaksne barn på 21 og 24 år. Verdas flottaste!

I 2009 kjøpte eg meg hus og flytta til Bremanger,- til Løvikneset med panoramautsikt mot havet!

Eg har utdanning frå Høgskulen i Oslo, avdeling estetiske fag. Der har eg gjennom fire år arbeida med teikning, tekstile teknikkar og søm av klede. Det var ei spennande tid med fordjupning i mange ulike materialer og teknikkar!

Før høgskulen gjekk eg på videregåande skule. Eg tok fagbrev i søm av klede, handel og kontorfag og allmenfag.

Eg har arbeida som faglærer på yrkeskulen i Førde eit år, men størstedelen av mitt vaksne liv har eg tilbrakt som faglærer og seksjonsleder på Elverum videregåande skule, avdeling formgivingsfag. Der har eg undervist i Kunsthistorie, Teikning, form og farge, Design og tekstil osv.

Eg har også arbeidt ved eit kompetansesenter for småindustri på Hamar som produktveileder, og blei kjent med mange småprodusenter sin kvardag.

Eg har designa den etter kvart så masseproduserte ”Bremangergenseren”

På fritida i Elverum var eg med å starte Elverum kunstforening og var utstillingsleder i fleire år. Det betydde kontakt med mange flotte kunstnarar. Eg var også leiar i Sparebanken Hedmark sitt kunstfond der vi brukte masse pengar til kunstneriske utsmykningar rundt om i Østerdalen! Veldig moro!

Det siste året har eg arbeidt med ei utstilling om kystkvinner frå Bremanger. Eg er opptatt av å levandegjere vår felles kystkulturarv. Kunnskap og erkjenning om kor vi kjem frå og kva bakgrunn og historie vi har er viktig. I dagens mediesamfunn blir vi heile tida påverka av andre kulturuttrykk og verdiar. Det er flott, men vi kan lettare forstå og tolke når vi har ei ballast i vår eigen kultur,- vår eigen identitet. Den er verdt å vere stolt av!

Dette er også viktig for meg i arbeidet med kunstfag i kulturskule. Kunnskap om kunst og handverk er viktig for barna si kulturelle almendanning!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s