Musikk frå film & scene

Temakonsert for elevar i kulturskulen i Bremanger/ Kalvåg!fullsizeoutput_6611

Måndag 9.april var Kulturhuset Heimen heilt stappfullt av elevar , lærarar og publikum. Mellom 25 – 30 innslag vart framført på scena. Gitaristar , ulike blåsarar  , sangmoves-elevar , pianistar , trommisar, keyboard og vokal. Og det vart framført musikk frå mange ulike filmar og musikalar. Det var laga film til fleire av innslaga , trailere frå filmar som elevane spelte ifrå. Vi kan nemne filmar som Titanic , Flåklypa, Pippi Langstrømpe, Pirates of the caribbean, Mission Impossible , Olsenbanden og mange fleire.

Tor Olav Heldal var med for første gong som ny lærar i kulturskulen. Ein betre presentasjon kjem seinare.

This slideshow requires JavaScript.

 

Bremanger Kulturskule ”fiska” etter politiske lovnadar

Photo 06.09.13 15 00 10

Rektor Grete Berntzen mala «reklameplakat»

Norsk Kulturskuleråd utfordra kulturskulane i landet til å ha ei markering i høve stortingsvalet 2013. Kulturskulen i Bremanger var ikkje tunge å be og planla ein ”stand” på SPAR Bremanger fredag ettermiddag 6 september. På førehand vart alle politiske parti i Bremanger kommune oppfordra til å komme og halde ein apell om kultur og kulturskulen.  Vêret var ikkje det aller beste men det stoppar ikkje ein vestlending så partytelt vart innlånt for anledninga. Vaffel og kaffi skulle seljast og underhaldninga skulle nokre av elevane stå for.  Diverre viste det seg at ingen parti frå Bremanger møtte opp -utanom Arbeiderpartiet som sjølve hadde eigen ”val stand” ved Spar-butikken i ytre Bremanger. Dei hadde med seg lestleiaren i Sogn og Fjordane Arbeiderparti Solveig Willis.

Etter litt musikalsk underhaldning av elevane Borgar Kløvtveit (piano) , Jim Steven Igland (piano og sang)  og Iver Senneset (gitar)  vart Willis utfordra av Grete Berntzen.

”Kulturskulerådet og  kulturskulane har ein eigen visjon: ”Kulturskule for ALLE”  Korleis skal Arbeiderpartiet sikre at vi er på rett veg til å nå dette målet dei 4 neste åra?” spurde Grete.

Photo 06.09.13 16 40 46

Jim Steven Igland og Iver Senneset underheldt med song og gitar.

Photo 06.09.13 16 40 30

Det var bra vi hadde tak over hovudet for det vart ein våt ettermiddag.

Solveig Willis : ”Den raudgrøne regjeringa har frå før av gjennomført Kulturløftet 1 og 2 og skal no gjennomføre Kulturløftet 3 der vi legg inn pengar til kultur og der òg til kulturskule. Dette er ikkje mitt fagområde så eg har prøvd å lese meg litt opp. For det første er det starta opp noko som heiter Kulturskulerådet som skal vere med på å hjelpe kulturskulane (red.anm. Norsk kulturskuleråd har eksistert i 20 år )

Photo 06.09.13 16 46 22

Solveig Willis med lovnader til kulturskulane

I dei tre siste årene så har det komme 40 millionar kvart år til kulturskulane. No tar vi det endå eit steg vidare og vi har starta noko som heiter ”Kulturskuletimen” der målsettinga er ar at alle barn uansett bakgrunn skal ha mulighet til å delta i kultur. Og det ein ser med ”Kulturskuletimen” er at om ein kan få det inn i grunnskulen , enten SFO eller skulen så kan ein gjere det tilgjengelig for alle barn for det skal vere gratis. Budsjettet er øka for 2013 der kvar kommune har fått pengar til ”Kulturskuletimen” og kvart barn skal ha tilgang på ein time kulturaktivitet. Og då er tanken at det skal vere eit samarbeid mellom skulen og kulturskulen. I Florø startar ein no frå hausten av – kulturskulen i Florø får midler til å auke bemanninga der ein skal inn i 1-4 klasse på alle skulane – dette kan ein variere  slik at neste år er det f.eks 5-7.klasse som får tilbodet. Dette skal vere gratis og frivillig sjølvsagt. ”

Grete Berntzen : ”Det er flott at de har fått dette til i Florø men no er det slik at sjølv om det er bevilga pengar i ramma til kommunane så er det berre halvparten av kommunane i Sogn og Fjordane som setter i gong og på landsbasis er det omtrent det samme. Korleis skal de vere med å sikre at dette er faktisk noko som vert sett i gong i kommunane –foreksempel vert det ikkje sett i gong her i Bremanger denne hausten.”

Litt reklameplakatar mala på staden…

Solveig Willis: ”Dette kan eg faktisk litt for lite om men intensjonen er at dei pengane som kom med Kulturskuletimen skal brukast til akkurat det. Korleis vi skal sikre oss at dei kommunane som ikkje har gjort det gjer det veit eg ikkje. Eg trudde det var automatikk i at desse pengane gjekk til det dei skulle gå til i kommunane. Så når kommunen får pengane uansett så er ikkje dette bra så då må ein jo få følgt opp å sjå til at pengane vert brukt til det dei er tenkt. Målet er jo at alle barn skal ha mulighet for kultur”.

Rektor Grete Berntzen ”. Trur de at Kulturskuletimen vil vere med på å minske ventelistene til kulturskulen eller vil det auke ventelistene?  Det høyres litt feil ut kanskje når eg svara at eg håpa at ventelistene vert høgre– men intensjonen er at fleire barns skal få ein introduksjon til kultur og verte meir interessert i kultur. På den kulturskulesatsinga som vi har hatt no så er faktisk ventelistene vorte større. Det er fleire barn som ynskje å delta og fleire barn som ynskjer å delta på fleire kulturaktivitetar.”

Nina Grotle Ap- varaordførar i Bremanger kunne fortelje at ho hadde lagt fram dette med Kulturskuletimen for formannskapet  torsdag 5.sept– dei kunne bekrefte at pengane var mottekne i Bremanger men at pengane hadde komme inn på Oppvekst sitt budsjett. Men det vart lova at pengane skulle vere klare etter nyttår slik at kulturskulen og skulen kan iverksetje ein gratistime til barn i grunnskulen.

Grete Berntzen  tykte dette var gode nyheiter og sa at dei gleda seg til å sette igong med dette tilbudet. ”Vi har planane klare. Er det noko anna de har lyst til å ytre om kva de har lyst å gjere dei 4 neste åra? ”Photo 06.09.13 16 40 13

Nina Grotle: ”Eg vil berre få lov å skryte av kulturskulen i Bremanger. Og det at vi har slikt eit allsidig tilbud , både instrumentopplæring og andre estetiske fag , det syns eg er veldig bra. Som alle veit har vi ein krevjande økonomi i Bremanger og at ein likevel har klart å oppretthalde tilbudet – ja det er bra. No veit eg det at det er mange elevar som står på venteliste og vi har vel 250 elevar i kulturskulen i dag og omtrent 50 er på venteliste. Så eg håpar vi kan få gjort noko med det. De gjere ein kjempejobb og er gode ambassadørar for kommunen vår. ”

Altså gode ord frå varaordføraren i Bremanger – og kulturskulen håpar at Bremanger ikkje stoppar med å prioritere kulturskulen og dette tilbodet til born og unge. Kulturskulen står framfor utfordringar med tanke på eigna lokaler på alle stadar i kommunen og har i fleire år ytra sterkt ynskje om å utvide og få eigna lokaler. Kulturskulen ynskjer òg å setje fokus på å utvide tilbudet slik at alle på sikt kan få eit tilbud og at dei kan tilby alle tenester til ALLE – barn , vaksne , eldre , sjuke m.fleire.

Det kom ingen fleire til standen denne fredagsettermiddag men det vart avslutta med litt song og musikk av lærarar før teltet vart pakka ned igjen. Kulturskulen gjer gjerne dette fleire gongar – og  håpar at neste gong møter det litt fleire politiske parti og andre gjestar opp. Og nokre fleire som kan kjøpe litt vaflar og kaffi.